Me tilbyr symjeopplæring og trening for barn i Vinje kommune. Målet er å styrke dugleik, tryggleik og uthald i vatn – både i basseng og etter kvart i ope vatn.
Me møtest på onsdagar i symjehallen på Vinjehuset kl. 17.00–18.00
Tilbodet byggjer vidare på symjetesten etter 4. klasse. Elevane lærer alle fire symjestilane, med fokus på teknikk, uthald og tryggleik. Me øver også på dykking og tilvenning til ulike vassmiljø. Barn i 4. klasse kan delta etter avtale.
Om instruktøren:
Manja er idrettspedagog frå Tyskland, og jobbar ved Øyfjell Oppvekstsenter. Ho har lang erfaring med symjeopplæring for barn, ungdom og vaksne, og fylgjer den sveitsiske modellen med fokus på rygg- og crawlteknikk. Symjing skal vera trygt, variert og helsefremjande – spesielt for vaksne med muskel- og leddplager.
Påmelding
Me har plass til 10 stk. per kurs. Påmelding til frivilligsentralen@vinje.kommune.no eller sms til 48 13 53 61
Velkomen til eit trygt og lærerikt symjetilbod!