VINJE FRIVILLIGSENTRAL

Vinje frivilligsentral er eit kontaktpunkt og bindeledd mellom dei som ynskjer å yte, og dei som ynskjer å ta imot frivillig innsats. Sentralen fungerer som brubyggjar for menneske, frivillige lag og oprganisasjonar og det offentlege. Frivilligsentralen sin funksjon er i hovudsak å initiere, mobilisere og samordne frivillig innsats i kommunen. Sentralen stimulerer einskildpersonar og grupper i Vinje til å bruke seg sjølv i frivillig arbeid ved å: vera ein pådrivar og leggje til rette for frivillig arbeid vera ein ressurs for frivillig arbeid i Vinje synleggjera eksisterande frivillig arbeid utvikle gode samarbeidsformer mellom profesjonelle og frivillige bidra til auka samarbeid mellom ulike frivillige organisasjonar og grupper stimulere frivillige til å melde behov til frivilligsentralen og offentlege etatar vera eit supplement til dei offentlege tenestetilboda Dersom det er noko frivilligsentralen kan hjelpe deg med, er det berre å ta kontakt på e-post eller telefon. Vinje frivilligsentral har kontorplass på kommunehuset, saman med kultur. Det er også veldig triveleg om du vil koma innom her.

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Vinjevegen 192, 3890, Vinje
Kontaktperson:
Følgere av arrangørsiden: 4
Sist oppdatert: 4. november 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.