Me held til i vakre Åmot i Vinje og tilbyr både trivelege utleigehytter og campingplassar for deg som ønskjer eit fint opphald i naturskjønne omgjevnader.
Hos oss skjer det mykje spennande! Me arrangerer ulike aktivitetar og arrangement gjennom året, mellom anna kviss ein gong i månaden, og kvar onsdag i juli!
Me byr også på onsdagsmiddag og open matservering om sommaren. Både fastbuande, hyttefolk og feriegjester er hjarteleg velkomne!
På denne sida vil me dele informasjon om små og store arrangement, aktivitetar og gode opplevingar som kan passe for ein kvar smak.