VINJE KYRKJELEGE FELLESRÅD

Kyrkjeleg fellesråd er eit fellesorgan for dei fire sokneråda i Vinje - Rauland/Møsstrond, Øyfjell, Vinje/Nesland og Grungedal. Fellesrådet er sett saman av representantar for kvart sokn, og prosten.

Fellesrådet har ein dagleg leiar, p.t. Kjell Magne Grave, og er arbeidsgjevar for organistane, kyrkjetenarane og kyrkjegardsarbeidarane. Dei er og med på «spleisen» med prostidiakon i Vest-Telemark. Prestane i Vinje er tilsette på bispedømenivå.

Kyrkjeleg fellesråd har hovudansvaret for drift og vedlikehald av dei seks kyrkjene i Vinje kommune, og kyrkjegardane. Finansieringa er i hovudsak rammetilskot frå Vinje kommune.

Meir om kyrkjeleg fellesråd sitt ansvar på denne lenka: Om kyrkjeleg fellesråd på kyrkja.no

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Vinjevegen 1439, 3890, VINJE
Kontaktperson:
Internettadressevinje.kyrkja.no
Følgere av arrangørsiden: 5
Sist oppdatert: 29. oktober 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.