Arrangement

Bygdekino: Drapet på Benjamin Hermansen

Arrangeres av:

Vinjehuset 10.11 kl. 20.00: Drapet på Benjamin Hermansen

Ei vinternatt på Holmlia mistar den 15 år gamle Benjamin livet – drepen av 19 år gamle Joe Erling, berre fordi han har mørk hud.

Eitt år seinare står Benjamins mor, Marit, overfor det verste marerittet ein forelder kan oppleve: rettssaka mot han som drap son hennar.

Vi følgjer Marit sin kamp i rettssalen, og gjennom tilbakeblikk til livet før tragedien blir to lagnader vovne saman. Benjamin veks opp omgjeven av vener og ei mor som tek godt vare på han, medan Joe Erling blir forma i eit miljø prega av omsorgssvikt.

Begge bur i område med låg sosial status. Benjamin opplever at politiet stigmatiserer han, medan Joe Erling glir inn i det nynazistiske Boot Boys-miljøet i jakta på tryggleik og tilhøyrsle.

Filmen skildrar kor sårbart det er når unge gutar prøver å finne seg sjølve og sin eigen plass i fellesskapet – og kor katastrofale konsekvensane kan bli når hat får høve til å vekse.

25 år etter drapet på Benjamin Hermansen er dette ei historie vi framleis må fortelje – om rasisme, tap og håpet om forsoning i eit samfunn som ikkje må gløyme.

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 10, 2026

19:00 — 21:00

Praktisk informasjon

Sted:Vinjehuset
Adresse:Raulandsvegen 60, 3890 Vinje, Norge
Kontaktperson:
Billetter

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart