Nora Åmot har kvissen denne kvelden. Du møter opp og finn deg eit lag om du ikkje har avtale med nokon før du kjem. Max 6 på kvart lag. Du må legge vekk telefonen for å ringe ein ven eller google. Det er 34 spørsmål med pause i midten. God tid til å skravle med vener.
Det kostar kr 100.- som du vippsar til 31677, men om du er medlem er det GRATIS. Meld deg inn i Folkeakademiet, det løner seg meir enn å ha pengar i banken. Groven camping spanderar ein pizza på vinnarlaget. Dei får i tillegg kr 500.- til å bruke på Groven camping. Vel møtt.