Me er ein liten gjeng med danseglade personar som møtest annankvar måndag til litt swing og gamaldans. Det er ingen krav til kva du kan frå før, bare du er open for å bli med på dansen. Fyrste økta dansar me swing og andre økta dansar me gamaldans. Dei som kan mest tar med seg dei som kan mindre og på den måten overfører me kunnskap.